Årsmøte 2017

Årsmøte i Strandvik og Vinnes Vassverk SA vert halde i Strandvik grendahus sundag 6. mai 2018 kl. 19.00.

Sakliste:

  • Val av møteleiar og 2 medlemmer til å skrive under møteprotokoll
  • Val av referent
  • Godkjenning av innkalling
  • Godkjenning av sakliste
  • Årsmelding 2017
  • Rekneskap 2017
  • Val
  • Eventuelt

Vel møtt!

2018-04-22T22:04:25+00:00 22 april 2018|Aktuelt|

Vasstilførsla vert stengd ein periode

Grunna søk etter lekkasjar vert vasstilførsla til Strandvik stengd ein periode frå kl. 23:00 fredag 29. januar, og nokre timar inn i natt til 30. januar.

Vassverket vil be alle med privat vassleidning knytta til vassverket å sjå etter små og store lekkasjar, og syta for at dei blir stoppa.

Vassverket vil også be om at eventuell frosttapping blir minka eller helst avslutta.

2017-10-06T18:19:57+00:00 26 januar 2016|Aktuelt|

VIKTIG! Sjå etter lekkasje!

VIKTIG! Del vidare!

Bassenget i Skåtavatnet har minka drastisk med 10m3 i timen siste døgnet, og vil tømmast om dette fortsett!

Det går ca. 40 m3 vatn ut frå begge linjer akkurat no. Om du ser teikn på lekkasje eller noko anna unormalt med vatnet, ta øyeblikkeleg kontakt med Strandvik og Vinnes Vassverk SA på 480 99 503!

2017-10-06T18:22:19+00:00 24 januar 2016|Aktuelt|

Utspyling av leidningsnettet

Utspyling av leidningsnettet vert gjennomført laurdag 14. november frå kl. 09:00 – 16:00.

Arbeidet kan forbigåande gje brunt / partikkelhaldig vatn. Dei tilrår å la vatnet renne i 5 minutt dersom du etter spyling frå brunt vatn.

Bruk helst ikkje vaskemaskin medan dei spyler. Silar på vassinntak og spring bør gjerast reine etter spyling.

For informasjon medan arbeidet pågår, ring tlf. 416 17 501.

2017-10-06T18:15:33+00:00 13 november 2015|Aktuelt|

Søk etter lekkasje

Vassverket har lekkasje på leidningsnettet som vil føre til at deira abonnementar mistar vatnet.

Dei har folk ute for å leite etter lekkasja, og den vert reparert så snart den er lokalisert.

2017-10-06T18:23:32+00:00 19 februar 2015|Aktuelt|

Utspyling av leidningsnettet

Utspyling av leidningsnettet vert gjennomført laurdag 31. januar kl. 09:00 – 17:00.

Arbeidet kan forbigåande gje brunt/partikkelhaldig vatn. Dei tilrår å la vatnet renne i 5 minutt dersom du etter spyling frå brunt vatn.

Bruk helst ikkje vaskemaskin medan dei spyler. Silar på vassinntak og spring bør gjerast reine etter spyling.

For informasjon medan arbeidet pågår, ring tlf. 480 99 503 eller 416 17 501.

2017-10-06T18:16:28+00:00 28 januar 2015|Aktuelt|

Utspyling av leidningsnettet

Utspyling av leidningsnettet vert gjennomført i dag (laurdag 6. september) frå kl. 10:00 – 16:00.

Arbeidet kan forbigåande gje brunt/partikkelhaldig vatn. Dei tilrår å la vatnet renne i 5 minutt dersom du etter spyling frå brunt vatn.

Bruk helst ikkje vaskemaskin medan dei spyler. Silar på vassinntak og spring bør gjerast reine etter spyling.

For informasjon medan arbeidet pågår, ring tlf. 480 99 503 – 416 17 501.

2017-10-06T18:17:32+00:00 6 september 2014|Aktuelt|

Problem med vassforsyninga

Det er framleis noko muffens med vassforsyninga til SOVV. Difor skal to operatørar ut i kveld (8. januar) for å søke etter lekkasjar. Høgdebassenget på Legland er tomt, truleg nettopp fordi det er ein stor lekkasje ein stad. Vatnet kan bli borte korte periodar mens me held på med ettersøkinga.

2017-10-06T18:26:00+00:00 8 januar 2014|Aktuelt|