Heim 2017-10-11T17:16:31+00:00

Strandvik og Vinnes Vassverk SA reinsker og distribuerer vatn frå vasskjelda Skåtavatnet
til husbruk, industri og annan bruk i bygdene Strandvik og Vinnes i Fusa kommune.

AKTUELT / PRESSEMELDINGAR

Årsmøte 2017

15 april 2017|

Årsmøte i Strandvik og Vinnes Vassverk SA vert halde i Nesjaheimen på Vinnes sundag 7. mai 2017 kl. 19.00.

Sakliste:

  • Val av møteleiar og 2 medlemmer til å skrive under møteprotokoll
  • Val av referent
  • Godkjenning av innkalling
  • Godkjenning av sakliste
  • Årsmelding 2016
  • Rekneskap 2016
  • Endring av vedtekter (trykk for meir informasjon)
  • Val
  • Eventuelt

Vel møtt!

Vasstilførsla vert stengd ein periode

26 januar 2016|

Grunna søk etter lekkasjar vert vasstilførsla til Strandvik stengd ein periode frå kl. 23:00 fredag 29. januar, og nokre timar inn i natt til 30. januar.

Vassverket vil be alle med privat vassleidning knytta til vassverket å sjå etter små og store lekkasjar, og syta for at dei blir stoppa.

Vassverket vil også be om at eventuell frosttapping blir minka eller helst avslutta.

VIKTIG! Sjå etter lekkasje!

24 januar 2016|

VIKTIG! Del vidare!

Bassenget i Skåtavatnet har minka drastisk med 10m3 i timen siste døgnet, og vil tømmast om dette fortsett!

Det går ca. 40 m3 vatn ut frå begge linjer akkurat no. Om du ser teikn på lekkasje eller noko anna unormalt med vatnet, ta øyeblikkeleg kontakt med Strandvik og Vinnes Vassverk SA på 480 99 503!

Utspyling av leidningsnettet

13 november 2015|

Utspyling av leidningsnettet vert gjennomført laurdag 14. november frå kl. 09:00 – 16:00.

Arbeidet kan forbigåande gje brunt / partikkelhaldig vatn. Dei tilrår å la vatnet renne i 5 minutt dersom du etter spyling frå brunt vatn.

Bruk helst ikkje vaskemaskin medan dei spyler. Silar på vassinntak og spring bør gjerast reine etter spyling.

For informasjon medan arbeidet pågår, ring tlf. 416 17 501.

MØTEREFERAT

VASSKVALITET