VEDTEKTER FOR STRANDVIK OG VINNES VASSVERK SA
29. april 2012 – endra 7. mai 2017
1. Selskapsform og namn
Strandvik og Vinnes vassverk SA er eit samvirkeføretak organisert etter lov av 29.06.2007 om samvirkeføretak. Medlemene har ikkje ansvar for føretaket sine plikter utover eventuelt betalt innskot.
2. Forretningsstad
Forretningskontoret er i Fusa kommune.
3. Verksemd og føremål
Strandvik og Vinnes vassverk SA har til føremål å driva vassverk for å skaffa vatn til husbruk, industri og anna bruk innan bygdene Strandvik og Vinnes i Fusa kommune.
4. Medlemskap
4.1 Rett til å verta medlem
Ein kvar som har eigedom som kan knytast til vassverket utan uhøveleg store kostnader, har rett til å verta medlem. Styret avgjer om kostnadane skal vurderast som uhøveleg store. Medlemskap kan berre nektast dersom det er sakleg grunn for det. Dei som ynskjer å verta medlemer, teiknar seg på ein innmeldingsblankett utarbeidd av styret. Ved innmelding må medlemene godkjenna og retta seg etter vedtektene for laget og dei lovlege vedtak som er gjort av medlemsmøtet eller styret. Søkjaren skal underrettast om utfallet av søknaden snarast mogeleg og seinast to – 2 – månader frå den dagen søknaden er motteken. Er søkjaren ikkje underretta innan to – 2 – månader er søknaden å på sjå som godkjend. Dersom søkjar vert oppteken som medlem og har betalt medlemsinnskot, skal innføring i medlemsregisteret skje utan ugrunna opphald. Når ein medlem er innført i registeret, skal føretaket gje han/henne melding med opplysningar som er registrerte om vedkomande. Dersom nokon koplar seg til vassverket sine leidningar utan tilvising/løyve, må vedkomande betala eit straffegebyr i høve til reglar utarbeidd av styret.
4.2 Medlem sine rettar
Medlemene har desse rettane:
1. Rett til å verta innkalla og møta i årsmøtet.
2. Rett til å få saker opp på årsmøtet.
3. Rett til å stemma når årsmøtet skal treffa vedtak.
4. Rett til tilgjengelege opplysningar frå leiinga på årsmøtet.
5. Rett til å få tilsendt årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding.
6. Andre rettar som følgjer av lov eller vedtekter.
4.3 Medlem sine plikter
Medlemene har desse pliktene:
1. Plikt til å svara medlemsinnskot og årleg vassavgift.
2. Plikt til å etterleva vedtak som er lovleg fatta av føretaket sine organ.
3. Plikter som følgjer av lov eller vedtekter.
Pliktene for ein medlem gjeld frå den dag medlemen er innført i medlemsregisteret, med mindre anna følgjer av lov eller vedtekter.
5. Overgang og opphøyr av medlemskap
5.1 Overgang
Medlemskapen er knytt til den faste eigedomen som har tilknyting til vassverket. Medlem er pliktig til å betale årsavgift inntil skriftleg melding er sendt frå medlem til vassverket. Ved seksjonering av bygning med fleire bueiningar, skal det betalast medlemsinnskot for kvar bueining, og eventuell ny eigar av seksjonert bueining vert sjølstendig medlem etter søknad.
Dersom ein medlem går ut av vassverket, må alt mellomverande mellom vassverket og medlemen gjerast opp. Til oppgjeret er ordna står medlemskapen rettsleg ved lag. I særlege høve kan styret gjera unntak frå dette. Medlemen har ikkje krav på attendebetaling av innbetalt innskot.
5.2 Utestenging
Ein medlem kan ved skriftleg påbod stengjast ute frå føretaket når medlemen har krenka føretaket ved vesentleg misleghald, eller når tungtvegande grunnar elles tilseier utestenging. Ein medlem som ikkje rettar seg etter vedtektene eller lovlege vedtak gjort i medlemsmøte eller i styret, eller som ikkje betaler medlemsinnskot eller årleg vassavgift i rett tid, skal få vatnet avstengt til tilhøvet er retta på, dersom det ikkje skriv seg frå vanskar som medlemen ikkje er skuld i.
6. Fordeling av kostnader og vedlikehald av leidningar m.v
Kostnadene med oppkasting og attfylling av grøft frå vassverket sin hovudleidning og fram til utvendig stoppekran skal berast av medlemen. Vassverket kostar sjølv leidningen fram til utvendig stoppekran og tilkopling ved uttak på hovudleidning.
Leidningar over 50 mm vert definerte som hovudvassleidningar og er vassverket sin eigedom og ansvar.
Alle sideleidningar på 50 mm eller mindre vert overførte til medlemen si eige og ansvar, men vassverket har likevel rett til å knyta nye abonnentar til desse leidningane dersom tilhøva tillet det. Medlemen har plikt til å vedlikehalda og reparera leidningar som er overførte til medlemen si eige og ansvar.
Ved eventuell skade eller lekkasje på leidning som medlemen har ansvar for, kan styret senda skriftleg varsel om at arbeidet blir utført på medlemen si rekning om ikkje medlemen sjølv utfører arbeidet innanfor ein nærare fastsett frist.
7. Plikter i samband med legging av stikkleidningar
Medlemene pliktar å varsla styret når det skal leggjast leidningar. Arbeidet med dette kan ikkje ta til før det er skriftleg godkjent av styret.
Medlemer pliktar å gje fri grunn over sine eigedomar for hovudleidning og stikkleidningar, når desse vert lagt på den mest omsynsfulle måten. Nytt medlem som skal koble seg på hovedleidningen skal grave grøft og lukke den forsvarleg. På dyrka mark skal det gjødslast og såast til med frø. Drensgrøfter som vert avskorne, skal koplast saman att på forsvarleg måte. Beviseleg skade vert erstatta.
8. Styret
Strandvik og Vinnes vassverk SA har eit styre på 5 medlemer og 3 vararepresentantar valde av årsmøtet. Leiaren vert vald kvart år ved særskilt val mellom dei valde styremedlemene. Styremedlemer vert valde for 2 år. Medlemer kan seia frå seg attval i 2 år. Styret vel sjølv nestleiar. Vararepresentantane vert valde kvart år, og i rekkefølgje (1 vara, 2 vara, 3 vara). Leiaren kallar saman til møte når han finn det nødvendig, eller når minst tre av styremedlemene krev det for ei bestemt sak. For gyldig vedtak vert det kravd at minst 3 styremedlemer røystar for.
9. Styret sine gjeremål
Styret skal driva Strandvik og Vinnes vassverk SA, og har desse oppgåvene:
1: Å gje reglar for bruk av vatn frå vassverket.
2: Å fastsetja medlemsinnskot, årleg vassavgift og reglar for innkrevjing av desse.
3: Å gje drifts- og forretningsreglar.
4: Å syta for at det vert sett opp ein ordentleg rekneskap.
5: Å tilsetja og seia opp tenestemenn, og fastsetja løn, andre vilkår og instruks for desse.
Strandvik og Vinnes vassverk SA er rettsleg forplikta ved underskrift av leiaren. Styret kan melda prokura.
10. Årsmøtet
Årsmøtet har det høgaste myndet i Strandvik og Vinnes vassverk SA. Styret kan kalla saman til ekstraordinært årsmøte når det finn det nødvendig eller når minst 1/10 av medlemene krev det for ei bestemt sak. Det skal veljast møtestyrar. Ekstraordinært årsmøte skal kallast inn på same måte som årsmøte.
Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av april månad, og skal kallast inn med 14 dagars varsel med oppslag i Strandvik og på Vinnes og med annonse i lokalavisa.
I vanlege saker har kvar medlem 1 røyst. Der ikkje anna er fastsett, vert alle vedtak gjorde med simpelt fleirtal. Ved likt røystetal har leiaren dobbelstemme. Står røystetalet likt ved val, vert det avgjort ved loddtrekning. Det skal førast møtebok.
På årsmøtet handsamar ein og gjer vedtak om:
1. Årsmelding
2. Rekneskap
3. Bruk av overskot
4. Val av styremedlemer med vararepresentant
5. Val av styreleiar
6. Val av to revisorar og ein vararepresentant
7. Innkomne framlegg. For at desse skal kunna handsamast, må dei vera sende styret innan 31. januar
8. Eventuelle andre saker som etter lov eller vedtektene høyrer under årsmøtet
9. Saker som ikkje står på saklista og heller ikkje er sende styret innan 31.01. kan ikkje takast opp til vedtak, men berre til drøfting.
11. Bruk av overskot
Overskot på drifta etter at rente og avdrag på skuld og tilsyns- og vedlikehaldsutgifter er betalte, skal setjast inn på konto til drift/vedlikehald og andre nødvendige føremål.
12. Vedtektsendring
Framlegg til endring i vedtektene kan berre handsamast på årsmøtet. Til vedtektsendring vert det kravd 2/3 fleirtal.
13. Oppløysing
Framlegg om å løysa opp Strandvik og Vinnes vassverk SA må vera sende styret seinast 01.12. året før årsmøtet, og gjerast kjende for medlemene minst ein månad før møtet.
For å fatta lovleg vedtak om oppløysing, vert det kravd at minst halvparten av medlemene er tilstades, og at 2/3 av desse røystar for oppløysing. Møter ikkje mange nok, vert framlegget avgjort på eit nytt medlemsmøte, og då med simpelt fleirtal av dei som møter.
Vert det vedteke å løysa opp Strandvik og Vinnes vassverk SA, skal det veljast eit avviklingsstyre på 3 medlemer og med 2 vararepresentantar. Styret vel sjølv leiar og nestleiar. Dette styret skal avvikla vassverket, selja eignelutar, krevja inn det ein har til gode og betala gjeld.
Etter at all gjeld og alle kostnader er dekka, har medlemene på oppløysingstida rett til å få utbetalt sitt medlemsinnskot og inneståande på medlemskapitalkonto.
14. Tvistar
Tvistar mellom Strandvik og Vinnes vassverk SA og medlemer skal med bindande verknad for begge partar avgjerast av ein valdgiftsrett på 3 medlemer. Kvar av partane nemner opp ein medlem, med lensmannen i Fusa som oppmann. Dersom ein av partane ikkje har nemnd opp sin representant innan tre veker etter at varsel er motteke, nemner lensmannen også opp denne. Valdgiftsretten avgjer samstundes korleis utgiftene med valdgiftsretten skal delast på partane.