Strandvik og Vinnes Vassverk SA reinsker og distribuerer vatn frå vasskjelda Skåtavatnet til private hushaldningar, hytter og ulike typar næringsverksemd i bygdene Strandvik og Vinnes i Bjørnafjorden kommune.
SMS-varsling
Strandvik og Vinnes vassverk har ei eigen sms-varslingsteneste der dei av våre abonnentar som ønskjer det kan få tilsendt varsler. Varslinga vil gjelde utspyling, lekkasjesøk eller uønskte hendingar som vassleidningsbrudd eller stans i renseprosessen som fører til redusert vasstilførsel eller ureinsa vatn i leidningsnettet. Ureinsa vatn i leidningsnettet vil automatisk føre til kokevarsel.
Dersom du ønskjer slike meldingar på sms er det berre å registrere namn og telefonnummer i feltet til høgre på denne sida.
Årsmøte
Årsmøte for Strandvik og Vinnes Vassverk SA
Årsmøtet er organet med det høgaste myndet i Strandvik og Vinnes vassverk. Årsmøtet vert halde kvart år i månadsskifte mai/juni og vert annonsert via oppslag, annonse i Os og Fusaposten og på sms.
Dersom ein ønskjer å ta opp saker på årsmøtet må desse sakene vera sendt til styret innan 31. januar same år.
Vanlege årsmøtesaker er:
Val av møteleiar og to medlemmar til å skrive under møteprotokoll
Val av referent
Godkjenning av innkalling
Godkjenning av sakliste
Årsmelding
Rekneskap
Val
Eventuelt
Vel møtt!
Lekkasjesøk
Søk etter lekkasjar
Strandvik og Vinnes vassverk må med jamne mellomrom søka etter vasslekkasjar i vassverket sitt leidningsnett. Dette vil dessverre føra til periodar utan vatn for enkelte abonnentar. Slike lekkasjesøk vil bli varsla via sms.
Vassverket vil be alle med privat vassleidning knytta til vassverket å sjå etter små og store lekkasjar, og syta for at dei blir stoppa.
Vassverket vil også be om at eventuell frosttapping blir minka eller helst avslutta.
Utspyling av leidningsnettet
Utspyling av leidningsnettet vert i gjennomsnitt utført ein gong i året.
Arbeidet kan forbigåande gje brunt/partikkelhaldig vatn. Me tilrår å la vatnet renne i 5 minutt dersom du får brunt vatn etter utspyling .
Bruk helst ikkje vaskemaskin medan utspyling føregår. Silar på vassinntak og spring bør gjerast reine etter spyling.
For informasjon medan arbeidet pågår, ring tlf 908 39 144.