Strandvik og Vinnes Vassverk SA reinsker og distribuerer vatn frå vasskjelda Skåtavatnet
til husbruk, industri og annan bruk i bygdene Strandvik og Vinnes i Fusa kommune.
AKTUELT / PRESSEMELDINGAR
Utskifting av hovudvassleidning
I desse dagar blir det starta opp arbeid med å skifte ut hovudvassleidningen mellom Åkre og Trudvang. Det går ein leidning under elva som ligg synleg på elvebotnen, utan vern mot stein og støyt. Me vil byta ut den 40 år gamle leidningen med ein sikrare og meir solid. Får me det til slik me vil kjem ikkje nokon til å miste vatnet under arbeidet.
Problem med vassforsyninga
Det er framleis noko muffens med vassforsyninga til SOVV. Difor skal to operatørar ut i kveld (8. januar) for å søke etter lekkasjar. Høgdebassenget på Legland er tomt, truleg nettopp fordi det er ein stor lekkasje ein stad. Vatnet kan bli borte korte periodar mens me held på med ettersøkinga.
Utspyling og ettervirkningar
Strandvik og Vinnes Vassverk SA gjennomførte ei utspyling frå ledningsnettet laurdag 4. januar. Her følgjer ei pressemelding frå styret i SOVV.
Siste tida før jul har me fått mange klager på rusk i vatnet. Partiklane fører til at silar og filter montert på ulikt utstyr hos medlemmene i vassverket tettar seg, og me opplever at det er dårleg trykk på vatnet. Særleg dei som bur litt i høgda kan oppleve at vatnet blir heilt borte. For å bøte på dette bestemte styret i vassverket å gjennomføre ei ekstra utspyling på kort varsel. Utspylinga blei gjennomført etter planen og med dei ulemper det alltid fører med seg. Seinare på kvelden fekk me klager på at vatnet framleis var borte. Dei to operatørane måtte derfor tørne ut på kveldstid, og etter kvart nattetid for å finne ut av årsakene til dette. Den korte forklaringa er at luft har kome inn i systemet og stoppa vatnet. Me seier oss leie for dei ulemper det har ført til. Folk tok det med godt humør og tålmod. Takk for det.
– For styret i Strandvik og Vinnes Vassverk SA ved Atle Anda, leiar. –
MØTEREFERAT