Historikk

STRANDVIK OG VINNES VASSVERK

Vassforsyning i Strandvik

 

Det var store framsteg då ein fekk innlagt vatn frå brønnar og oppkommer. Svært mange var plaga av at brønnane vart tomme i tørre periodar, og at vassleidningane fraus nå det vart kaldt. Ettersom vassforbruket steig, auka òg behovet for meir stabil vasstilførsel. Vassforsyninga i Fusa er stor sett organisert slik at kvar bygd har sitt vassverk. Først ut var Strandvik.

 

"I Strandvik hadde alle brønnar, men ingen vatn" minnest Sigmund Leigland, den første formannen i Strandvik og Vinnes Vassverk. Behovet for betre vassforsyning gjorde at planar om vassverk vart diskutert alt på 1950-talet, men først mot slutten av 1960-åra greip ein fatt i saka for alvor. I byrjinga var det snakk om eit vassverk berre for strandvikbygda med stemme i Vikeelva, men då ein i samarbeid med kommuneingeniør Bjordal tok til å arbeide med Skåtavatnet som vasskjelde, kom også Vinnes med. Sivilingeniør Johannes Sørli på Stord Utarbeidde planar for vassverket. Toltalkostnaden var på 1,325 millionar kroner. Det var ein viss lokal skepsis til å byggja så stort, minnest Leigland. Ein var redd ein ikkje skulle greia å finansiera det, men det gjekk greit. Det vart søkt om tilskot både frå Fiskeridepartementet - i og med at både hermetikkfabrikken og sildoljefabrikken i Strandvik ønskte vatn - og frå Landbruksdepartementet, sidan dette gjaldt utbygging i landbruksbygder.

 

Vassverket fekk eit samla tilskot på 560 000 kroner frå staten. "Departementet vurderte da slik at dette var eit framtidsretta prosjekt" minnest Leigland. Fusa kommune ytte 12 prosent av totalkostnaden, og det vart teke opp eit lån på 250 000 kroner i Fusa Sparbank. 110 parthavarar var med frå starten med partar på 1 800 kroner kvar, men i løpet av arbeidet med å dekkjar forsyningsområdet frå Skåte til Ådnavik, auka talet til 150. Utbyggingsarbeidet starta i 1969, og allereie våren 1970 var det vatn i nokre kranar frå eit mellombels inntak under Skåtavatnet, fortel Sigmund Leigland. Innan utgangen av 1972 var forsyningsområdet dekt. Idag forsyner dette eine vassverket omlag 800 personar.

 

Utdrag frå "Fusa Soga - Heilt andre tider" av Ella Marie Brekke Vangsnes