Heim

STRANDVIK OG VINNES VASSVERK

 

Velkommen til Strandvik og Vinnes vassverk SA

 

Strandvik og Vinnes vassverk SA vart skipa som eit partlag 7. juni 1968. Sigmund Leigland vart samrøstes vald til lagets første formann. Laget endra selskapsform til samvirkelag i 2012.

 

Vasskjelda til laget er Skåtavatnet, som også er vasskjelda til Skjørsand og Fusa vassverk SA, og saman eig dei to laga eit felles renseanlegg. Anlegget som vart teke i bruk i 2007 er eit ozon renseanlegg med UV behandling og er underlagt tilsyn av myndigheitene.